lørdag 11. april 2015

TIMES FLIES GITT..! (Oppdatering & bilderas)






Ja, tida flyr virkelig!
For å ta ei råkjapp oppdatering så kom jula og nyttår med all kosen og hyggen som dèt inneberer! 
Eg hadde det nok ein gong artig med å pakke enkelte gåver Litt spesielt inn, slik som denne skjortepakken. 
(Skriv ein kommentar om ein Gjer-Det-Sjølv instruks er ønskeleg.)




Fekk som alltid mykje fine gåver...Kan ikkje vise alt men fekk blant anna dette nydelige teppet!
*ELSK*




Når det nye året var vél innvia, kom turen til IKEA. Her kjøpte eg dette kvardagsserviset. 
Veldig fornøgd med valget her. ;)





Sjølvsagt vart det handla inn ein del stearinlys og duftlys til kos på lange, mørke studiekveldar.
Desse vart det mange av i vinter...





Så kom turen til akutt innleggelse og eit 2 dagars sjukehusopphold med galleblærebetennelse.
Det heile endar opp med fleire mnd med anfall og ein beslutning om fjerning av galleblæra.
Ikkje akkurat scenarioet eg hadde sett for meg, men eg fekk vel egentlig ikkje nåke valg av kirurgane.
Que the waiting game..




Godt at mamma og pappa sender kjærleik og tankar til ein når ein befinn seg langt unna familien.
*KJÆRLEIK*





Men før ein veit ordet av det så dukkar denne fine våren fram ut av mørket, og alt virkar eigentleg litt enklare å takle. 
Sola er terapi altså.. 





Så er vi framme til dagen i dag. Her i bartebyen er det i dag heile 16 grader! Og sjølv om sola leikar gøymsel bak skyene, så er livet allikevel fullt ut herleg dokke!
Med ønske om ei God Helg..
klem

- BENTE -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...