onsdag 29. januar 2014

ØNSKELISTE FRÅ JANUAR 2014


Alle har vel ei ønskeliste over ting ein så gjerne skulle ønske ein hadde. Eg tenkte eg skulle prøve meg med eit fast innlegg om ting eg har sett og som eg kunne tenkt meg i løpet av mnd som gjekk.

Først ut er dette nydelige brudeteppet! Brudetepper ser eg at det er ein aukande trend for. Dette eksemplaret er eit HANDIRA Classic og er å få kjøpt hos Maison Malou til den nette sum av 3.800,-

#Love it!


Dette er eit Ribbonwick
Det fins mange ulike typar lys ute på markedet....men dette er ekstra tøft pga den avlange veiken! Eg vil i tillegg legge lys frå Woodwick på ønskelista. Dette er duftlys med ein veik som knitrar når det brenn.
Stemningsfullt...
Pris frå 250,- til  400,-
Begge delar kan ein få kjøpt her


Neste ting er eit handarbeidsprosjekt...men akk så vakre sluttprodukt ein endar opp med. Dette er ein pakke med 2 nøster nydelig Loopy Mango garn frå USA samt strikkepinner og mønster. Garnet fins i fleire fargar. Til den svimlande summen av 2.999,- og leveringstid på 3-4 veker bør ein velge med omhu.
Produktet kan bestillast hos UniQue Interiør.


Er det ikkje snart tid for utekos? 
Vi her på nordvestlandet har kun hatt eitt stusselig snøfall i heile vinter. Så med snøfrie markar, tørre vegar og solskinn om dagane kryp nok vårfølelsen litt inn i oss nordfjordingar. Liste over forhandlarar i Norge finn du her. Eg fann den til 6840,- hos pks.no.


Det er lov å drøyme ikkje sant? 
; )

-BENTE-

onsdag 15. januar 2014

NYTT COTTON LIGHT TILSKUDD!


Blir rett og slett ikkje lei desse lenkene, og gleden var derfor stor når eg fekk endå ei i julegåve! =)
Den har fått plass på veggen i sikk-sakk mønster, og lys opp ein frå før av mørk krok. 
No er det berre kos! 
#lysimørket
: D

-BENTE-

tirsdag 14. januar 2014

HEKLA JULEGÅVER


Berre eit kjapt blikk på nokre av julegåvene eg laga i haust.


Artig å lage, og artig å motta visstnok... ; )


Huer, pulsvarmerar, skjerf og tøfler...i år prøvde eg litt forskjellig.


For dei som har fulgt meg ei stund...så veit dokke at eg absolutt ikkje er nåken ekspert på hekling, men syns det er kjekt å gjere eit forsøk. 


Mamma, svigerinner, niese, søskenbarn, tante og venninner var alle mottakarar....


Har fått nåken hint frå andre som gjerne kunne tenkt seg, og det er jo alltid like kjekt! =)


Med resten av bilda vil eg nytte anledninga til å ønske dokke eit Godt Nyttår!

No er vi igang! ; D





-BENTE-

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...