lørdag 21. juni 2014

ØNSKELISTE FRÅ APRIL 2014



Vi er gjerne litt redd for å bruke fargar i den norske heimen. Eg er ei slik ei som gjerne fort blir lei nøytrale fargar og pastell. Så eg likar å sprite opp innimellom med fargar i interiør som er lett å bytte ut. Tepper, puter, pledd, sengetøy og små nips i huset er som regel små investeringar som kan utgjere så mykje.

Som for eksempel sengesett frå Missoni... dette kan  LETT gjere meg glad! :D
Tenk å vakne og strekke seg ut i dette på ein solfylt morgon!



Mange nydelige sett å velge mellom...




I ånda "fargeglad" tar eg med dette teppet frå HAY.
Falt pladask for dette første gongen eg såg det. Sia det er mange fargenyansar i dette teppet burde det passe inn hos dei fleste. ;)





Pompongar er ein flott måte å pynte opp både inne og ute. I dag fins det mange ulike typar på markedet. Desse heiter Fluffy Balls og kjem i fleire fargar. Det er berre å leite rundt på nettet etter fargane du ønsker. Ikkje er dei spesielt dyre heller så ein kan fort anskaffe seg mange. ;)


- BENTE -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...