mandag 16. januar 2012

For tidleg med ny ønskeliste?




Det er vel aldri for tidleg å ønske seg ting til jul?

Vi har vel alle våre favorittbutikkar, enten det er i nærleiken eller om det er på nettet. Ein av mine absolutte favorittar er ein som befinn seg i Olden. Per`s Kro er ein kafe som har interiør/gåvebutikk under samme tak.  Her har eg funne mangt eit kupp til meg sjølv, og ikkje minst mang ei gåve til andre. Elly, som driv denne, er ei designinteressert dame frå Danmark som hentar inn varer frå forskjellige land.




   Elly har smykker, skinnjakker, sko, vesker og interiørgjennstandar for å nemne nåke. Hon er flink til å ta inn nye ting, og forholdsvis av kvar, så du sleppe sjå det samme om og om igjen. I tillegg har hon nåke for einkvar smak. Dette er riktignok ein liten butikk, men er ikkje det dei som vi oftast finn sjarmerande? Her er eit lite utvalg frå då eg var innom like før jul.


Tips meg gjerne om DIN favorittbutikk i kommentarfeltet under. 
                                =)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...