tirsdag 29. november 2011

Heimelaga adventslys



 Ja, eg har altså ikkje laga sjølve lysa sjølv då. =)

Men eg hadde lyst å prøve å lage ein heilt enkel "adventslysestake" sjølv i år. Eg starta med å kjøpe inn 4 kvite kubbelys, lilla gåveband og ei lita eske med pynteperler med hòl tvers igjennom, alt kjøpt på Nille.

Frå før av hadde eg eit nydeleg trefat laga av Odd Nesdal, og eit speilplate eg har hatt liggande lenge. Eg tredde på 1 perle for 1.søndag i advent på ei remse av gåvebandet, 2 perler for 2.søndag osv, før eg knytta det rundt kvar kubbe. 

Plasserte dei på speilplata før eg plasserte alt igjen på trefatet. 
Når eg var ferdig med alt reiste eg på julegrantenning og gløymde totalt å tenne det første lyset når eg kom heim! 
=)

Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!







mandag 28. november 2011

Adventstida endeleg her.....





Då var 1.søndag i advent over, og etter mykje leiting fann eg heldigvis den største julestjerna mi heilt på tampen av kvelden. Begynte å bli litt bekymra, for det er den finaste vi har. =)


Den heiter "Sensy" og er heile 100 cm! Godt vi har store stoveglas. Det er ei papirstjerne, så ser den ikkje tole allverda av handtering, men håpa den overleve mang ei jul endå....=)




Vi importerte ein del julebelysning og selde på Utkantsmarknaden i 2010, og dette var eit av produkta. Den hadde ein utsalgspris på 699,- og vi valgte å beholde denne eine då vi innsåg at alle stjernene vart revne vekk i løpet av dei første 30 minuttane. Eit tydeleg behov der ute for julestjerner med eit meir designpreg over seg! =)

Vi gleda oss i allefall over den flotte Julestjerna vår, og med den går vi adventstida lyst i møte!
=)



Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!
                                                       =)



mandag 14. november 2011

Supermagneter!


Når eg var innom Formina pepperkakeformer Sverige sin nettbutikk
kom eg over nåken magneter som dei skrytte slik av:


"Sterke magneter

Disse utrolig sterke, små neodymmagnetene har mange
 fordeler i forhold til vanlige, svarte ferrittmagneter:

En enda mindre magnetklarer
-en hengende tyngde på mer enn 1 kg.

-å holde 10 A4 ark på plass (på f.eks. kjøleskap eller magnettavla.) 


Dessuten
-små, flotte, diskret"
-svartner ikke overflaten de sitter på
- magnetens styrke gjør det mulig å utføre mange morsomme leker/triks/eksperimenter."


Eg var no litt skeptisk, men bestemte meg for å bestille den minste pakken på 20 stk á 48,- SEK.
Når eg såg bilde (som her vist oppe til høgre) rekna eg med at det representerte magnetane i eit forminska format...




MEN, den gong ei! Eg lo hardt og lenge når eg såg den faktiske størrelsen som dukka opp i ein konvolutt!


Men eg må innrømme at eg vart mektig imponert av styrken i dissa små rakkarane!



Til venstre ser du at eg klara å løfte ei lanterne me magnetane! Eg bruka her ein rull, men kun for å få illustrere at eg løftar den. Får samme resultatet av 1 magnet. Heilt fantastisk! =)


Òg husk at alle
kommentarar blir satt umåteleg pris på!
=)




søndag 13. november 2011

"Når en pepperkakebaker....

 .....baker pepperbakerkaker
tar han først en stekegryte og en kilo margarin.
oppi gryta smelter smøret 
og det neste han må gjøre
er å røre sammen smøret med en kilo med farin!


Og mens smør og sukker skummer
tar man åtte eggeplommer
som han rører ut i gryta med en kilo hvetemel
og til slutt i gryta slipper han en liten teskje pepper
også rører han omkring og tømmer deigen på en fjøl!"
(Tekst: Thorbjørn Egner)


Eg klarte rett og slett ikkje la vere å bestille desse pepperkakeformene frå Sverige!
Vart liksom litt meir "svung" over dei designmessig når dei har mønstra utholing i midten.
No kan eg gå pepperkakesesongen i møte med friskt mot!
=)


Desse bestilte eg hos www.pepperkakeformer.se og det tok ca ei veke til eg hadde dei i postkassa.
Men ver obs på at bestillingar på over 200,- nok eks mva får tollavgift på grensa!
Les godt over "Kjøpsinformasjonen" på nettsida.
Happy handlings!
=)


Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

tirsdag 8. november 2011

No nærma det seg......

*
****
*******
EG kjenne det på meg.....
temperaturen kryper seg nedover ,
dagane blir kortare, gatelysa kjem på tidlegare, 
vedovnen fyrt i oftare og antall t-lys som blir tent auka
.......det nærma seg Jul!

Eg er prinsipielt imot å tjuvstarte på jula, men no når vi sakte snike oss utover i november 
er det visse ting ein er nødt til å ta fatt på.
For meg er dei heimelaga gåvene like kjekke å motta som dei andre, og heldigvis er det mange med meg. =)

No skal eg ikkje legge ut gåvene til i år endå, men....
.....eg tenkte eg skulle dele med dokke ka eg laga til mine
2 herlege nevøar til Jul i fjor!
Når tanteungane blir 2 år gamle er tante på pletten med
broderingsnåla og trippar etter å lage ein

  Adventskalender!
It`s the gift that keeps on giving.....=)

På siste bildet ser du sluttresultatet med kalendergåvene på. 

Pakkane vart avlevert med beskjed om foreldrenes dømmekraft ved opning på Julafta......
......fordi tante og onkel sjølvsagt hadde kjøpt 24 pakka som KUN inneholdt snop!

Eg sleppe å lage i år, men om 2 år er det på an igjen med to nye.
Vil anslå at eg brukte ca ei vekes tid på kvar kalender, men då er det snakk om intensiv brodering med ca 6-8 timar for dag. Eg ville anbefalte å berekne 2-3 veke per kalender.
=)

Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

lørdag 5. november 2011

Utskifting av rekkverket på verandaen min....

Verandaen vår frå då vi var på visning....


Etter å ha budd i huset i 2 år fann eg nyleg ut at plankane på gelenderet på verandaen var pill råtten. Det var først når eg var ute å inspiserte kledninga på huset at eg kom på at eg skulle sjekke verandaen òg. I underkant av alle plankane hadde veta trukket inn og treverket gjekk i oppløysing i hendene mine.

Så vi satte igang med å rive alle fjølene til det kun sto igjen rammeverket og toppen av gelenderet. Dette er i god stand og vart malt tidlegare i sommar som beskrevet i dette innlegget A coat a day....



LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...