torsdag 20. januar 2011

"If I was a rich man...."

WOW!



Altså; her har eg leita lenge etter lysekruner som er litt annerledes. Så i dag har eg streifa innom ulike nettsider på leit i håp om å finne nåke kult. And BOY did I ever!

På denne nettsida fann eg eit så stort utval av lysekruna eg har ikkje sett før.

Herleg! 




Men når sant skal seiast så er nok lommeboka mi ein smule tynn for dei aller fleste modellane. Men så er det jo eksklusivt håndlaga glass frå øya Murano, ca 20 min frå Venezia. På nettsida står prisane oppført i Euro og dei levera til heile EU. I tillegg står der: "Within European Union we deliver all orders above 1000 Euro for free. If you want to have your goods delivered outside of EU, please contact us directly before placing an order on the website. We will collect all the information needed to deliver to the country you specified and get back to you as soon as possible."

Men uansett om du er ute etter å kjøpe eller ikkje, så bør du ta deg ein tur innom for å sjå desse heilt fantastiske kunstverka! 
=)


Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

lørdag 15. januar 2011

Picture perfect......

Ave Maria!


Dette ENORMT kule bilde er faktisk ein sengegavl! Fann denne kjempekule sida for tapetar og lerret for eit par år sida, og i dag stod det ein artikkel om dei på nettet. Eg har full intensjon om å få bestilt nåke frå dei til huset mitt! Men eg klara ikkje bestemme meg for kor og ka. Ein kan velge frå eit forholdsvis stort utval av bilder eller rett og slett ta eit bilde ein har frå før av som dei då lagar tapet av. G-NIALT! =)


"Follow the yellow brick road"


Okei, kanskje ikkje "yellow" akkurat men................





... det her rommet var ein skikkeleg inspirasjon for meg! Her var mykje å hente, frå små detaljar som den vesle hylla laga av ein enslig murstein som stikke litt lenger ut enn dei hine til større detaljar som badekaret som verkeleg sette prikken over i-en for meg!


Kor lekkert var ikkje det her då? Sjølv ikkje bilde med Kate Moss kan øydelegge det.
(Eg eig ikkje desse bildene, dei er lånte.)

Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...