mandag 31. oktober 2011

Bitt av malebasillen! =)



No i sommar vart eg bitt av malebasillen. =)

Først ut var gelenderet på verandaen, som eg skreiv om i eit tidlegare innlegg.

Så sto "garasjen" for tur. Garasjen i anførselstegn fordi det er ein garasje bygd for tidlegare eigars rullestol, og ikkje kapabel til å romme ein bil.


"Garasjen" før eg måla.
"Garasjen etter  1 strøk med Beckers."







Ikkje berre fekk eg malt veggane, men eg fekk rydda, kasta og organisert det som befant seg inni! =)

Det endelege resultatet. Dette er etter 2 strøk.
~ ~ ~ ~


                                 SÅ var det huset som fekk seg eit strøk med maling.




          Ja, eg veit at eg sa at vi ikkje ville male huset før vi hadde bytta kledning pga kostnadane. Men malinga begynte rett og slett å flasse av i stor fart, og trivselen sank i takt med det. Så ein dag bestemte vi oss for å investere eit par tusen i maling, og bytte ut nederst på nåken av plankane. Vi har ståande panel,  og derfor måtte vi bytte ut ganske mange , i staden for viss vi hadde hatt liggande. All vete trekke inn nederst på veggen, og vi kunne derfor ha sluppe unna med 1 til 2 av dei nederste fjølene med liggande panel. På vestlandet burde det nesten vore pålagt å bruke liggande kledning. 

Detaljar rundt glas og dører utsett vi til neste år.






Til venstre den aldeles grimme brunfargen
og til høgre "Graphit" frå Drygolin.

Her ser vi øverste veggen. (som tok meg 7 timar å male.)
Då er alle krinklar , krokar og detaljar dekka.
Endeleg fekk naboane ei litt anna utsikt!
=)



~ ~ ~ ~

Til slutt var det eine sida av muren som fekk seg eit strøk. Som dokke ser så var den i ein off-white farge opprinneleg. Koffer 2 av veggane var mala i off-white og 2 i kvitt må gudane vete.... Men på den aller siste dagen for maling i år, satte eg i gong med denne eine murveggen.


Her er eg komen litt over halvvegs på veggen.

Som dokke ser, så er kontrasten ganske stor......




              
                          Resultatet vart eg veldig fornøgde med. 3 timar tok det å male denne eine veggen.


Eg finn maling relativt terapeutisk, kanskje mest fordi kontrastane blir store og framgangen er så synleg. Det er kanskje ein bra ting at eg har fleire murar å male til våren igjen!

Eg kjem tilbake med eit innlegg med tips og råd til malerjobben, slik at dokke er klare til dyst til neste år!
                                                                            =)

Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...