fredag 10. september 2010

I`m walking on sunshine....

Vi har konsentrert oss om 1.etg i huset, og bestemte oss ganske fort for å legge nye golv. =)


Gammal linolium har sin sjarm, men vi dekka den med nye golv frå Alloc. I stova vår la vi eit nydeleg golv som heite Patinert Eik. Eg elska det! Mange har betenkeligheta ved bruk av laminatgolv med argument som: det er for kaldt og dårleg kvalitet, osv. Eg må seie meg uenig. Syns kvaliteten i dag har komt seg betrakteleg. På Alloc sine er det montert ei matte under kvar individuelle fjøl, som gjev både lyddemping og forminska varmetak gjennom golvet.

 Og så lekkert det er då mann! =)






Vi var så fornøgde at vi la Alloc på soverommet òg. Men denne gongen ein litt anna type. Eg må innrømme at om eg hadde visst kor LEKKERT resultatet hadde blitt, ville nok det golvet befunne seg i stova vår i dag. =)



Så kom turen til kjøkkenet. =)
Mange rynka på nasen når vi annonserte at på kjøkkenet blei det: flis! Men vi var skjønt enige om at det måtte vere det lettaste å holde reint, det tålte søling av vatten, og at det virkeleg gav eit eksklusivt inntrykk. Vi rulla ut varmekablar under og la flisa i mursteinsmønster.


Flisa kjøpte vi på salg på "Right Price Tiles". Vi syns det vart fint, sjølv om vi i etterkant ser at det må fyllast på meir fugemasse mellom flisane........


Nettside laminat: http://alloc.no/


Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

            

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...